![]() |
![]() Dagens DiktEt daglig dikt til glede.søndag, mars 10, 2013 GOD MANDAGS MORGEN! Mars og lysere og lysere dager!!!! Her er et deilig dikt av Olav Aukrust. Dessverre en dikter som ikke er godt nok kjendt - kanskje på grunn a v målbruken. Selv syn's jeg Gudbrandsdalsmålet og Lomsmålet er vakkert. Det står en statue av ham nær Stavkyrkja på Lom - vel fortjent. Dagens dikt er tilegnet ILB. VÅRBLÅ HIMMEL I MARS. I stekkja, nedsnøa fjellskog gøymde, var kjervi utrivne, lasset lesst. Eg lå på lauvlasset, dorma, drøymde, og morgonstjerna stod bleik i vest. Og hesten lunka, og bjølla singla, det song so vakkert i massing-dingla: Å linge-ling, linge-ling-lan- tobak og pipe, so går det an! Eg låg på ryggen og såg på røyken vart blåe risar og rare dyr. Og heid og himil og eg og øyken og alt ikring oss vart eventyr. Kva er so gufsande friskt og godt som- og mildt og drivkvitt og reint og blått som - å linge-ling, linge-ling-lei ein vårblå himil og mars på heid! Det skein og blenkte so hål ein blåne, der slede-meian på vegen rann. Og uthengd var det so blank ein måne, og alt var vakkert og vel i stand. Det var so inderleg mjukt og mildt, at det rann so lett, og det var so stilt, at - å linge-ling, linge-ling-lo all skog og vigge som fjetra stod. Og grønt var lasset, og kvit var skogen, og raud var himil'n i aust å sjå. Og mi var stundi, og vårleg hugen, og vakker ho som eg tenkte på. . . . Ho Guri Jukule, vakker-gjenta, kven var det, tru, som ho gjekk og venta? Ja linge-ling, linge-linge-lan- de'm ein fynge ho, ljote alt går an! _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ Å ling-ling, linge-linge-vag å for en nydelig Mars dag i dag, sier jeg. SÅ HA EN GOD DAG. ![]() |
![]() |