left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


tirsdag, november 25, 2008
 
GOD ONSDAGS MORGEN !

I dag sender jeg et litt spesielt dikt, synes jeg,
av Tore Ørjasæter. Det er sterkt og språkbruken
er fin!

ELGEN.

Spør eg og undrast,
kvifor er eg so stygg og storbeint,
ulik og ymse voren;
knokute bein med bøyg og langkrukk,
sterk som eit skogdyr skoren,
flerror på kinn og sterren skjegstubb,
grov i hamlet og grå?
Du er so fin og liljefager,
litor og lett og mjå.

Langt hår og lufse,
herbreid og sterk i kvardagshåmen
er eg or skogom komen;
du er so fin og liljefager,
ven og veik liksom blomen.
Ljosdæmd og rein med smil i åsyn
kjem du i hugen min:
Huger vert rein, og håmen ljosleitt;
d'er som eg skifter sinn.

Langt hår og ljosgult
fell deg um herd so fint og herleg;
-- mitt er så stridt og floke. --
Kvifor er du so skjerr og skotvår:
eg er so god å råke,
liksom ein elg i skog med store
skotvidd um breide bring.
Du, lik ei hind som fljot og lettfløygd
smøyger seg fram og spring.

Breidlagd og langbeint
liksom ein elg i aude villmark
follom og før i stegom,
skogkongen stolt i store einsemd,
einsam på alle vegom,
luntar og spring so smått og loar
gjenom den djupe skog
burtetter myr og aude moar,
langhærd um hals og bog.

Grannlagt og gonglett
er du ei hind som skjott og sjåleg
munde i morkom springe.
Elgen andar i dine fotspor,
breidlag um bog og bringe.
---Går seg i skog ein elgeskyttar,
svintar på foten snøgt;
øygnar han skimt av elg, og glyttar,
sikter og skyt so gløgt.

Blodsprøyt og blodspor!
Skogkongen sterk med bråe langbyks
spring upp, men sig å gruve,
kviler så tungt sitt stolte hovud
over den lyng-grå tuve.
Andar so tung i morgonstilla,
bringa hans er so breid.
Andar inn dåmen din i dauden,
hind, du som spring på heid.

Godt gjort, du skyttar!
Hoggande meint, igjenom hjarta
bivrar det stilt og bløder;
livet er seigt: ein tunglynd ljoske
enno i augom gløder
mot deg, du hind, som sprang so lettfløygd.
Fagert det lyser fram
no i ein blenk frå nåtungt auga
sjeli av dyrehåm.

Breidt skimt av dagsrand
ljosnar so smått um heid og åsdrag,
skimrar som sylvbleikl strime
burtetter tjørn med bragd av blod-et;
tungt denne morgontime
andar ein dåm av dødsens tungsinn;
solroden skin som blod.
Ljosken av liv frå elge-augom
døyr ut mot dagens glod.
: : : : : : : : : : : : :

HA EN RIKTIG GOD DAG.




Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel