Dagens DiktEt daglig dikt til glede.torsdag, oktober 02, 2008 GOD FREDAGS MORGEN ! For helgen et vakkert dikt som jeg venter vil bringe mange til å minne sin mor. Diktet er skrevet av Asbjørn Dørumsgard. SKYTILEN HENNES MOR. Han er blank og hard og slitin etter den lange ferda gjennom veven, dag etter dag og stundom om natta. For ho mor hadde mange å veva til. Seks guter og to jenter sku ha ty til kleer på dei store kroppa sine. Seks viltre guter som sleit klea sine sund og kom him med rivne bukselår. Verken og vømmøl sku dei ha og hvitt ty til serk og skjurte. Hår stund måtte ho nytte frå sola stod opp til ho seig attom åsa i vest. Det er lang dag å stå opp i solgryen og bare legge seg nerpå ei lita stund i den siste seine natteskuggen. Han vart blank og hard og slitin, den vesle skytil'n hennes mor. Det var to rom fulle med senger. Alle sku dei ha hvite laken. Og dyner og puter sku ha var i brone og blå og raude færjer. Sterke var til alle dei beina som spente i sengstokken. Han vart blank og hard og slitin etter den lange ferda gjennom veven den vesle skytil'n hennes mor. Stua var lita og trong der hime, men lell sku gølve vera tekt med filleryer som lyste i rødt og svart og hvitt og gult. For det var så longt i penstua av den freske færja som lyste opp og la helg og høgtid over rome. Hn viler seg nå, den vesle skytil'n hennes mor. Ho sjøl gikk til ro i grava si. Der skal ho hvile til den store mårrån sender himmellys inn i gravnatta og over ås og elv innved skøgslia, der ho nå ligger og sover med hopknepne hender. Å. sæle hvile! Å, stille ro! Ho var trøtt og fekk blunde etter slite og streve i det rike og varme jordlande. Men skytil'n hennes mor vil jeg gjømme. Han ligger her på skåpe mitt i storstua. Han er blank og hard og slitin etter den lange ferda gjennom veven, men han er brukendes enda. Ho vesle Kari, dotter mi, skal få bruke han, når ho blir vaksin jente og fullgardskjering. Ho mor skal stå oppatt i den unge ætta, og skytil'n hennes skal vera bumerke på garden i ætt etter ætt framover. Men ennå ligger han på skåpe. Han er blank og hard og slitin etter den lange ferda gjennom veven. Han ligger der oppe og skiner mot meg, og jeg snur aua mine attover, me'n jeg fletter denne minnekransen, og tåra blenker i aua. Jeg går fram til skåpe, je tar han vart i venstre handa og stryker han med den høgre og signar dei hender som eingong i jordlande førde han dei tusen mil gjennom veven. : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : HA EN GOD DAG OG EN RIKTIG GOD HELG ! |