![]() |
![]() Dagens DiktEt daglig dikt til glede.søndag, oktober 21, 2007 GOD MANDAGS MORGEN. Begynner uken med et nytt "nasjonal" dikt sendt inn av en god venn, OJS. En takk ktil ham. Anders Hovden I mellom brim og brot du stig Så knausehard av sjø, Og hav og storm dei fører krig Imot din litle bø. Men husa ligg i hugsam livd Innpå den grøne øy; Der fer den trauste guten trivd, Der veks den vene møy. Og fisken sym i havet ditt Og fuglen på din fjord, Og guten han må ferdas vidt, han sigler og han ror, Han kliv i berg, han driv i båt Og har si vinne hard; Men endå kvik han er og kåt, Han er så djerv ein kar. Her såg han Sigmund fyrst sin dag Imellom desse berg Og fekk sitt trugne hjartelag Og all sin manndoms merg. Ja slik ein gjæving vant du finn, Om du vil leita vidt, Han legg ein fager minnering Om fedrelandet sitt, Du Sverre prest åt Noreg ol Og gav hans vilje stål. På Noregs gamle kongestol Han heldt Hårfagers mål. Til hei`r han vekte Noregs menn , Til fridoms dåd og dug. Andvakeluren ljomar enn I Noregs ungdomshug. Å heil og sæl, vår eigen bror! Me knyter hjartepakt, Me har den same, gamle mor, Og hjarto slær i takt. Vårt brødreverk no lyser klårt Som sol om bergetram: Den gamle arv i måler vårt Me saman elskar fram! Den kan synges på "Dei gamle fjell i syningom" og skrevet av slik den står i Sven Morens songbok for skular og ungdomslag. : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : HA EN GOD UKE, og hvis dere ønsker å sende inn dikt (eller kommentarer=, så er e-post adressen: gaapaa@yahoo.com ![]() |
![]() |