left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


søndag, oktober 07, 2007
 
GOD MANDAGS MORGEN !

Jeg har bare sendt ett dikt tidligere av
Aslaud Vaa. Til tross for at hun er en
virkelig fin dikter.
Her er ett av hennes dikt.

Å eiga.

Stundom spør ein:
Kan ein eiga eit anna menneskje?
Når to møtes i hug og hold
og kjenner seg eitt
so ikkje anna er te –
kjenner seg eitti eit augnekast,
i eit lite ord,
i ein tanke,
i hugskot
som fer som kornmod
ivi blømande engjir –
kjenner seg eitt
i det ein aller nevner
men som er som svalande regn
for solbrend mold.

Når to hev møtt einannan
slik at ikkje anna var te,
slik at dei kjende seg sterkar enn alt
og veikar enn alt, skjønna berget,
so hardt det er, skjønna blomen, so mjuk han er –
Og stend eismalle att.

Er ein då eismall?
Er ikkje då det andre men’skje med
i kvar røsle ein gjer?
Ja, kan ein då noko sinn bli eismall att?

Når to gjev seg til kvarandre,
og dei stend eismalle att
kjem det ein stri i hugen, i holdet,om det å eiga
og det å vera fri.
For enno er men’skje bundne
og veit ikkje kva dei sei
når dei kviskrar til kvarandre:eg elskar deg.

Fyrst dei hev sagt ordet rymer dei
som for ein brand dei hev sett på.
Fyrst når to men’skje kan sei til kvarandre:
gå der du vil, du er du!
Gjer det du vil,
eg er eg – Men eg ser vegen din
og eg lyder etter fotefari dine
og eg kjenner din vilje strøyme gjennom blodet
i javne, rolege pulsslag –

Fyrst då kan to men’skje eiga kvarandre.
: : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : :

HA EN GOD DAG !




Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel