left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


mandag, september 12, 2005
 
GOD TIRSDAGS MORGEN.

Du våkner til valgresultatet og igjen er det en eller annen yrkespolitiker
som aldri har hatt en jobb og eller har vært nødt til å tjene til sitt daglige brød
som kommer øverst på haugen. Jeg håper inderlig ikke at det er broileren.

I dag sender jeg et passende dikt.
Nr.10 på listen - (det var fire dikt som alle kom inn på nr.10.)

LIKFUNN av Jakob Sande.

So fann dei han Ole Johan,
langt burte i Håsteins-hagen.
Der låg han og rotna og brann,
med solsteiken rett i magen.
Og magen var grønn og blå,
av steinklaka gorr og slim,
og flugor og kvitmakk små,
aula i yrjande stim

Spyfluga grøn og feit,
la sine egg i skinne’,
og ålkvite småmakkar beit
seg gangar og hol der inne.
Ei rotte stakk tranten ut,
- kva svarten som no var å sjå?
Ho var som ein blodgorra klut,
med blankslimut hale på.-

Og auga hans Ole Johan,
var berre ei slimut glye
som nedover kinnet rann,
so sleip som ei slimut spye.
Og nasa eit blodraudt sår,
der beinpipa lyste bleik.
- For rotta ho var der i går,
og åt seg so feit ei steik.

Og lippa for kjøt var rein,
og gliste med kvasse tenner,
som illkvite stakk og skein,
som marssol på frosne fenner.
Og teven sto tjukk ikring,
den blaute, flytande kropp,
og kråka sat rundt i ring,
og skratta med høge hopp.

So tok dei han Ole Johan,
og la han på fire påla.
So bar dei han fire mann,
med’ kråkene skratta og skråla.
Mykje tå skrotten flaut vekk,
og mykje karv burt som eim,
og mykje i spyfluga gjekk,
men beina kom heile heim

HA SÅ GOD EN DAG SOM DET ER MULIG.
i MORGEN KOMMENTERER JEG OM VALGRESULTATET!




Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel