left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


torsdag, august 08, 2013
 
GOD FREDAGS MORGEN.

Det er vel ikke noe dikt i norsk literatur som bedre beskriver
sommeren enn dette diktet av Ivar Aasen.

SUMARKVELDEN.

Velkomen atter hit til vaara Grender,
velkomen her, du sæle Sumarkveld,
med Lauv og Gras ut yver alla Strender
og gule Blomar i den grøne Feld,
med lette Smaasky, lagd i langa Render
som Traadar i det høge Himmel-Tjeld,
og med den milde Ljosken, som seg breider
ut yver Fjell og Fjord paa alla Leider.

Her er so ljos ein Lit paa alle Grunnar
for ljos til Natt og mesta dim til Dag.
Dei stille Votni standa blaa som Brunnar,
og Fossar syna seg i kvite drag.
Det myrkjer i dei tette Holt og Runnar;
det ljoskar i dei blakke Bygdalag.
Den ljose Himmel speglar seg i Sjøen
og blikar mildt i Doggi yver Moen.

Her glytter Ljos igjenom tusund Gluggar
imillom Lauvet i den tette Lund.
Inn under Bjørkom standa ljose Skuggar
rett som ein Flekk um Roti, lett og rund.
Det gustar ingen Vind, som Toppen ruggar,
i denne kvildarrike Nattarstund.
Den snøgge Fuglen kurer trøyt av Dagen,
og rosutt Fivreld roar seg i Hagen.

Den sidste Sol-blenk er i Havet sokken,
den fyrste kjem snart or den laage Grop;
ein Dag er tendrad, fyrr en hin er slokken,
og kveld og Morgon renna heilt i Hop.
Snart vaknar upp den kvilde Fugleflokken
og helsar Morgonen med Glede-Rop.
So riser Soli til den lange Svingen
og set ein annan Lit paa heile Kringen.

Kom, lat oss nøyta Tidi, som ho skrider,
og minnast, at ho skrider ofsa fort.
Med kvar ein Dag, med kvar ein Keld, som lider,
eit Steg mot Myrke Vetteren er gjort.
Det kjem ein Dag, daa kvar ein Blom, som bider
er fallen av; og slikt  eit Fall er stort.
Di skal eg sjaa paa Blomen, fyrr han blaknar,
og nøyte Sumar,n fyrr eg honom saknar.
: : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : :  

Ja, la oss nyte sommerdagene nå i August. September kan og vil
nok ha fine dager, men mørket er på vei, mer og mer for hver dag.
Så la oss kose oss i helgen som kommer - og håpe på godt sommervær.

HA EN GOD DAG OG EN GOD HELG.














Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel