left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


tirsdag, juni 18, 2013
 
GOD ONSDAGS MORGEN!

I dag et vakkert dansk dikt oversatt til nynorsk av I. Bøhn.
Synd at jeg ikke har diktet på dansk fordi et dikt alltid er best på morsmålet!

NYST MUNDE DET REGNA.

Nyst munde det regna so såre,
og det drypper av tre og av runn;
vind og stein, furu-grein hev deg rive,
dei hev slite di kåpe isund.
"Um det regner og snor
um det stormar av nord,
uti hugen so leikar dine ord."

Eg kann sjå det på augo so klåre
at du nyst gjekk og tårone gret;
regn og vind, sorg i sinn, gråt i auga -
du som heve den hugen so lett!
"Kvar den tåra som fall
og so fagnaden all
heve du då aleine uti vald."

Kvar du gjeng, på din veg vil eg breida
kvar ein blom, kvart eit angande blad;
fugl på grein, kvar og ein vil eg beda,
skulo kveda og kvitra deg glad!
"Lat det anga for vind.
lat det syngja i lind,
visst dei inkje kann svæva i mitt sinn."

Men i morgon, når soli ho stiger,
fyre moder di bøni eg ber,
og eg bed henne blidt, som det høver:
Fær eg vera deg sonen so kjær?
"Sjå det ljosner i lid,
vinden leikar so blid,
du skal vera min ven i allan tid."
: : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : :

HA EN RIKTIG GOD DAG!




Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel