left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


tirsdag, juni 25, 2013
 
GOD ONSDAGS MORGEN!

I dag, et dikt til å smile av.

Jakob Sande's dikt


MUSA I ORGELET.

Det budde ei mus i eit orgel
som stod i eit kyrkjehus.
Ho var ikkje nettopp nonne,
- berre ei orgelmus.

Ho treivst inni orgelverket,
for musa var musikalsk,
og merka når orgeltonen
var aldri så lite falsk.

Og det fekk hos ofte merke,
for han som var organist,
og han som var belgetrøar
var brødrene Rosenquist.

Den eldste var belgetrøar,
- ein storvomma somlekopp;
men broren på klaviaturet
var sprek som ein orre på topp.

Så ingen kan undrast at musa
stundom var ille ved.
Men bortsett frå slikt spetakkel
ho levde sitt liv i fred.

Ho hadde til levemåten,
for brød stod ho aldri i beit.
Det fann ho i sakristiet,
men det er det ingen som veit.

Og ein gong var musa heldig,
- det hendte nok enno ein gong -:
Ho barsla til dyr musikk av
Mendelsohns bryllupssong.

Og når det var preikesundag
ho hadde si gode stund,
og tok seg tilliks med hine
sin vanlige sundagsblund.

Men sidan var ulukka ute:
Det fans ikkje botevon
då Rosenquist, belgetrøar,
gav opp og gjekk av på pensjon.

For bror hans fekk trumla igjennom
ein skinnbelg av likaste sort
på fire til fem hestekrefter,
- og dermed ble musa bort.

Men likevel kan ein vel seie,
tok musa det siste stikk:
Ho fauk over kyrkjetårnet
til himmels med full musikk.
: : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : :

Undrer meg på hvordan Jacob Sande kom på ideen til dette
morsomme diktet. Kanskje han satt i tanker ved et kyrkjebesøk
og moret seg med å tenke frem om orgelmusa? Hvem vet.
Fornøyelig er i hvert fall diktet.

HA EN GOD DAG!






Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel