left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


søndag, juni 02, 2013
 
GOD MANDAGS MORGEN.

Nynorsken er ikke mitt "morsmål", men jeg liker mye ev
god diktning på denne "Sunnmørs-dialekten" - utgangspunktet for nynorsken,
først startet av Ivar Aasen
(Ivar Aasen tunet på Sunnmøre er vel verdt et besøk!)

I dag sender jeg et av diktene hans:

VELKOMEN ATTER -

Velkomen atter her, du sæle sumarkveld,
med lauv og gras utyver alle strender
og gule blomar i den grøne feld,
med lette små-sky, lagd i lange render
som trådar i det høge himmel-tjeld,
og med den milde ljosken, som seg breider
utyver fjell og fjord på alle leider.

Her er so ljos ein let på alle grunnar,
for ljos til natt og mesta dim til dag.
Dei stille vatni standa blå som brunnar,
og fossar syna seg i kvite drag.
Det myrkjer i dei tette holt og runnar;
det ljoskar i dei blakke bygdelag.
Den ljose himmel speglar seg i sjoen
og blikar mildt i doggi yver moen.

Her glytter ljos igjennom tusund gluggar
imillom lauvet i den tette lund.
Inn under bjørkom standa ljose skuggar
rett som ein flekk um roti, lett og rund.
Det gustar ingen vind, som toppen ruggar,
i denne kvilderike nattestund.
Den snøgge fuglen kurer, trøytt av dagen,
og rosut fivreld roar seg i hagen.

Den siste solblenk er i havet sokken,
den fyrste kjem snart or den låge grop;
ein dag er tendra, fyrr enn hin er slokken,
og kveld og morgon runna heilt ihop.
Snart vaknar upp den kvilde fugleflokken
og helsar morgonen med glederop.
So riser soli til den lange svingen
og set ein annan let på heile kringen.

Kom lat oss nøyta tidi, som ho skrider,
og minnast, at ho skrider ofsa fort
Med kvar ein dag, med kvar ein kveld, som lider,
eit steg mot myrke vetteren er gjort.
Det kjem ein dag, då kvar ein blom, som bider,
er fallen av, og slikt eit fall er stort;
di skal eg sjå på blomen, fyrr han blaknar,
og nøyta sumar'n, fyrr eg honom saknar.
: : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : :

Og nyte sommeren før jeg savner den.
Der ser du forskjellen på målførene. - - -

HA EN GOD DAG OG EN GOD UKE!




Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel