left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


søndag, april 28, 2013
 

GOD MANDAGS MORGEN!

Nå som det nærmer seg slutten på April og Mai begynner denne uken, passer det med denne sangen som vi ungene sang hver vår dengang vi hadde sangtime på timeplanen. Vi sang vanligvis bare de to første og de to siste versene!
(Har ungene fremdeles sangtimer i barneskolen? Du kan svare på:
gaapaa@yahoo.com.  Og takk for svarene som jeg håper kommer.)

Her er E. Blix's dikt:
(Elias Blix: 1836-1902. Professor i theologi. Han skrev også diktet til NordNorge: Å eg veit meg eit land, langt der uppe mot nord - - -)

NO LIVNAR DET I LUNDAR.

No livnar det i lundar,
no lauvast det i li,
den heile skapning stundar
no fram til sumars tid.

Det er vel fagre stunder,
når våren kjem her nord,
og atter som eit under
nytt liv av daude gror.

Guds kyrke lysa skulle
som høgt på berg ein stad,
med sumar utan kulde
og utan soleglad.

Guds ord vel alltid lyser,
den sol gjeng aldri ned.
Det hus som anden hyser,
ligg støtt i ljos og fred.

Men stundom kom detå kulde
på Herrens kyrkjemark.
Det var som Gud seg dulde,
og borte var Guds ark.

Det var vel mørke dagar,
Guds ord var fæhøyrd segn.
og hjarta frys og klagar,
det saknar sol og regn.

Så sende Gud sin ande
som dogg på turre jord.
Då vakne liv i landet,
då grøddest vent Guds ord.

Då er det sæle tider
for Kristi kyrkjegrunn.
Då lauast tungebandet,
då kved Guds folk i kor.

Då skin det over strender
som sol ein sumarkveld.
Då gløder kring i grender
ein heilag altar-eld.

Du vår med ljose dagar,
med lengting, liv og song!
Du spår at Gud oss lagar
ein betre vår ein gong.

Då me med vigsla tunge,
med kjærleik heil og klår,
alt utan brest og sprunge,
skal lova Herren vår.
: : : : : : : : : : : : : : : : : : :

Ha en god dag og en god uke!









Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel