left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


torsdag, februar 21, 2013
 
GOD FREDAGS MORGEN!

I går refererte jeg til Pave valget i Roma.
Jeg fortsetter med det, så tenk dere at musa soam dikteren Jakob Sande
skriver om her er ITALIENSK. (Og piper har de vel på husene
i Vatikanet også???!!!!)

Jacob Sande:

MUSA I ORGELET.

Det budde ei mus i eit orgel
som sto i eit kyrkjehus.
Ho var ikkje nettopp nonne,
- berre ei orgelmus.

Ho treivst inni orgelverket,
for musa var musikalsk,
og merka når orgeltonen
var aldri så lite falsk.

Og det fekk ho ofte merke,
for han som var orgelnist,
og han som var belgetrøar
var brødrene Rosenquist.

Den eldste var belgetrøar,
- ein storvomma somlekopp;
men broren i klaviaturet
var sprek som ein orre på topp.

Så ingen kan undrast at musa
stundom vart ille ved.
Men bortsett frå slikt spetakkel
ho levde sitt liv i fred.

Ho hadde til levemåten,
for brød stod ho aldri beit.
Det fann ho i sakristiet,
men det er det ingen som veit.

Og ein gong var musa heldig,
-det hende nok enno ein gong -:
Ho barsla til dyr musikk av
Mendelsohns bryllupssong.

Og når det vart preikesundag
ho hadde si gode stund,
og tok seg tilliks med hine
sin vanlege sundagsblund.

Men sida var ulukka ute:
Det fants ikkje bortevon
då Rosenquist, belgetrøar,
gav opp og gjekk av på pensjon.

For bror hans fekk trumfa igjennom
ein skinnbelg av likaste sort
på fire til fem hestekrefter,
- og dermed bles musa bort.

Men likevel, kan ein vel seie,
tok musa det siste stikk:
Ho fauk over kyrkjetårnet
til himmels med full musikk.
: : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : :

HA EN GOD DAG OG EN GOD HELG.







Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel