![]() |
![]() Dagens DiktEt daglig dikt til glede.torsdag, januar 03, 2013 GOD FREDAGS MORGEN ! Ivar Aasen – nynorsken’s far – skrev også mange fine dikt på ”heimamålet”
sitt fra Møre. Dikt, alltid med gode
poeng. For i dag – ett av dem:
I heimen der hyggjer seg barnet best,
Til heimen vil ungdommen stunda.
Og mannen som sviver i aust og vest,
vil heller på heimferdi skunda.
Um landet var bratt,
og steinut og svadt,
og mødor i vegen var mange,
på heimvegen gjekk det då heller radt,
og milene vart ikkje lange.
Mauren kryp aldri so vidt i kring,
Han leitar ei uppatter tuva,
og mannen løyp inkje so lang ein sving,
han lengtar ei heim til si gruva.
Um og han var glad
i framande stad,
so vil ikkje hugen seg festa,
og heimen med haugar og stein og svad
han verter då kjærast’ å gjesta.
Ja, heime der baka dei brødet best,
og venaste klippa dei klædi,
der hava dei klangen i målet mest,
og venaste kveda dei kvedi.
der ser du ein dag
med ljosare lag,
og skog med eit mildare skygge;
og råmar so sorg i deg der med eit slag,
so finner du endå eit hygge.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Ha en god dag og en god helg!
![]() |
![]() |