left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


tirsdag, desember 18, 2012
 
GOD ONSDAGS MORGEN.
I dag et dikt av: L.F. Hov. 1912.

KALDT OG MYRKT OG LITE SOL.

Kaldt og myrkt og lite sol
soleis er det fram mot jol.
Snø og is all jordi gøymer.
Allting ligg i lenkt og drøymer.

Barnet spør kor langt det lid
enno fram mot Juletid.
Mor så mangt har med å fara,
likevel ho støtt lyt svara.

Verdi fekk ein liten gjest
difor held me barnefest.
Små og store høgt må kveda
saman om den store gleda.

Fattig barn til verdi kom,
barnet vende verdi om.
Under stort, ja utan like
det er Jesus og hans rike.

Han som kom, seg sjølv oss gav,
fekk ei krubbe og ei grav.
No me vil med gledeståre
gje han rom i hjarta våre.
: : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : :

Enklere kan vel ikke Julebudskapet fortelles?!

HA EN GOD DAG!







Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel