left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


mandag, november 05, 2012
 
GOD MANDAGS MORGEN.

Det kan passe bra å begynne uken med dette diktet av

Olav Aukrust.

NOVEMBER


November-natti er bleik av måne,
og morgon-skyi er raud av frost,
og dagen kvelver sin høge blåne, -
so kjem ein kveld att med regn og blåst.
Og vindane yler, og hundane hyler,
og månen siglar sitt lik gjenom sky,
og er i kjømdi, og skin gjenom rømdi
og skjèr fram att naken og nifs og ny.

Varme, blodsvarte blomar bløder
i regnvåt jord på ei naki grav.
Ei einsleg kvinne med kinn som gløder, -
som lagna'n slo med sin lange stav,
sit bleik og sturer ved marmorsteinen,
sit bleik og stirer som nonna ved natt.
Norna peika med lagnadteinen:
han vart med i likferd og kom ikkje att.
: : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : :
(Norna / gammelnorsk/en slags ånd!!??

Men ha en god dag!





Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel