![]() |
![]() Dagens DiktEt daglig dikt til glede.søndag, oktober 14, 2012 GOD MANDAGS MORGEN. Jeg er tilbake, igjen uten dikt de siste dagene p.g.av dataproblemer. I dag et vakkert dikt av Halldis Moren Vesaas LYKKELEGE HENDER. Lykkelege hender! Frå gjerning til gjerning som ligg og venter berre på dei går dei dagen lang. Tene ved livsens grunnkjelder får dei. Hendene skaper brød, deler ut føde ved dekte bord, til svoltne munnar. Tøy glir igjennom dei, blir til klær, klær glir igjennom dei, blir reine og glatte, sveiper seg angande kring lemene våre, ligg og lyser kvitt over bord og seng. Flekker og støv og søyle kverv under hendene, dei vil at alt ikring dei skal skine. Lykkelege hender - vatn lever dei i, og tek i tre, i jønn og i mangtslags metall, kaldt og varmt, kveiker lys, gjer opp varme. Blomar får dei røre ved, og alt som skal vekse, stryke eit dyr over pelsen, stø opp ei plante som held på bognar, halde vart kring ei kosteleg bok. Heile dagen er hendene fulle. Om kvelden kjem dei med nye gaver: klær, vatn, puter å glatte, eit barns fine hud og mjuke hår å røre varleg, eit elska andlet med trøytte drag. Og når natta er der søv dei inni mørkret stille og varme hos to andre stille og varme hender. Lykkelege hender -. Eingang skal det bli sælt å få kvile for godt. - : : : : : : : : : : : : : : : : : : : HA EN GOD DAG OG EN GOD UKE! - ![]() |
![]() |