left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


onsdag, februar 03, 2010
 
GOD TORSDAGS MORGEN.

I dag en vuggesang sendt inn av en trofast leser
i Tronheim. Hun er nylig blitt bestemor igjen og jeg
blir ste-bestefar i slutten av Februar så en vuggesang
passer bra. Takk skal du ha A B.

VOGGESONG. Jacob Sande

Natta tagal i tunet står,
skogane søv der ute.
Månen gyller ditt mjuke hår
gjennom den dimme rute.
Fredfullt du i vogga lun,
ligg som ein fugl i eit reir av dun
mjukt mot di vesle pute.

Sov, du dyraste skatten min,
far skal ved vogga vake.
Vonde makter som her vil inn,
deg skal dei aldri take.
Far kjenner ein som er stor og sterk,
himmel og jord er hans veldes verk,
ingen veit om hans make.

Ville dyr som i skogen bur
flakkar på rov så vide,
ligg i holer og holt på lur,
vakter ved nattetide.
Deg skal dei no og aldri nå,
far sitt ved vogga og passar på,
vik ikkje frå di side.

Sov, du dyraste skatten min,
far skal deg alltid verne,
varsamt jamne ut vegen din
gjer det so glad og gjerne.
Ute råder den myrke natt,
sov og drøym, du min dyre skatt
under den bleike stjerne.
: : : : : : : : : : : : : : : :

HA EN GOD DAG !




Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel