![]() |
![]() Dagens DiktEt daglig dikt til glede.lørdag, januar 30, 2010 GOD MANDAGS MORGEN ! En gang i blandt sender jeg et litt uvanlig dikt hvor mening kanskje er litt uklar eller hvor dialekten er vanskelig - i hvert fall for meg. Slik et dikt sender jeg i dag. Det er skrevet av Olav Aukrust i 1931. GUDBRANSDALEN. «No ljosnar Gudbrandsdalen, og natti søkk og sig, - sjå, bruri inn i salen med solbjart åsyn stig.» Ja, sannar seg synet, vert vå-an’ i beite, - men vil du det vita, kva bruri mun heite, ja, då må du våge di von, gut, og leite den lange, lange leid. Hugs, det skein ei mild og rein ei djupt i sjølvom deg. Kom, leit med lengslom reine, ja finn din Glitretind - og sjå deg ut den eine som fangar hugen din! Kom vilje som korkje er veik eller valen: det lengtar og ventar so mangt, her i dalen - eg meiner den guten forgjord er og galen som går den galne leid. Hugs, det song, – å, mang ein gong! so vakkert just for deg. Her høgst mot himlom flóget med ørneheimar flyg. Just her óg tyngste sóget med avgrunns-eimar syg: tvo ofsar kjem fuse, – den rette oss fengjer, når viljen gjev hugen dei ørnsterke vengjer, - ja våen lyt klovne når livsofsen sprengjer seg veg den rette leid. Våg, so vinn du, leit, so finn du fylgje upp og fram. Sin ættar-arv no krev ho, sæl kvar som den mun sjå! Og heimanfylgje hev ho i foss og fjell endå. Og myri og marki og bratta og skogen, dei vonar og ventar på grevet og plogen: dei ventar og stundar på viljen og hugen: «Her ligg ei lagleg leid!» Høyr, det græt og syng og læt so vent i mork og heid. Det song for deg i sinnet so mang ei einsleg natt: No lyt du bruri vinne og hennar kvorvne skatt! Og skatten, han finn du i arven og ordi, frå mor og frå far og i deg og i jordi, - sjå bruri skin upp i deg sjølv, ho, når soli gjer klår den rette leid. Ljuv den soli kjem, når joli bryt vår vinter-natt. Då livnar Dovregubben, den eldste her til lands, og kjem med julkvelds-kubben, - jau då fyrst vert det glans! Og soli og joli og ordi skal skine so norske som dalen, og telen skal tine, og bruri, ho lokkar: «Fylg lengslune mine - den ljose, lange leid! Suril, suril, suril, suril, – lei.» Ja, vårast Gudbrandsdalen mot sumar varm og klår, då stig ho blank i salen, den rette bruri vår. Og syndi og sorgi er avsagd og sona, sjå bruri er fagrar enn nokon hev vona - og viser oss klårøygd, ja kransa og krona, vår rette framtidsleid. Det skin so blankt, det bér so langt som lengselsdraumen din. Lat bruri då få téseg som den ho røynleg er. Kvar den skal djupt få gle seg, som ljos for henne bér. Ja då skal det bråne, det kjøvande bandet, og det som me djupast hev vilja, då vann det, og bruri, ho strålar mot alle i landet og lyser langan leid: mild og rein som når ho skein og song for sjølvom deg. : : : : : : : : : : : : HA EN GOD DAG OG EN GOD UKE. |
![]() |