![]() |
![]() Dagens DiktEt daglig dikt til glede.mandag, april 27, 2009 GOD TIRSDAGS MORGEN ! I dag et fint lite dikt skrevet av en 10-åring. Vårvise. Når nettene vert alt for korte Når eg kan gå i berre skjorte Når sykkelen på ny må fram Når eg vert våt i kvar ein dam Når bakken står stinn av giftige blomar Når staren kvitrar så det ljomar Når sola skin så huden brenn Når bekken berre renn og renn Når lekselesing vert ei pine Når eg må hoppa strikk med Stine Når eg må hinka paradis Når eg må kjøpa brus og is Når det vert varmare i sjøen Når bonden sprøytar møk på bøen Når far min byrjar pussa båt Når mor mi nynnar Fløytelåt Når lam spring rundtomkring og jamrar Når hakkespetten heng og hamrar Når kalven hoppar som ei kråke Når kjærastar svimar rundt i tåke Når det stinkar av kattepiss-hegg Når andemor gjer seg til for ein stegg Når ski og støvlar vert stuva bort Når kortbuksa mi er blitt alt for kort Når ingenting lenger er som i går Når vinteren er over og det er vår : : : : : : : : : : : : : : : : : : Atle Hansen viser annlegg som "dikter" skjønt jeg lurer på om han ikke har fått god hjelp fra en "voksen" for dette diktet? HA EN RIKTIG GOD DAG! ![]() |
![]() |