![]() |
![]() Dagens DiktEt daglig dikt til glede.mandag, januar 19, 2009 GOD TIRSDAGS MORGEN ! I dag et dikt om kjærlighet av Sigmund Skar. FOR DI Eg elskar alt det i deg du IKKJE gir meg som kvinne. Eg elskar det barske vitet som gjerne hogg-møter mitt, og aldri sa eit ja for min skuld. Eg elskar viljen din som ikkje drøymer om å lyda meg for di du er mi. Eg elskar den karske låtten, ubrukeleg til månetisking. Eg elskar ditt grep om det som er, og ikkje skal drøymast ifrå oss. Eg elskar din ærlegdom, naken som handa di. Eg elskar at du ikkje er veik. Opp av dette ris ditt kvinnedøme, og det fekk eg óg. Eg elskar den hjelp som er visleg og vár for di ho veit. Eg elskar det yndet du aldri tenkte på, og som difor er kjært. Eg elskar den kvinneløyndom du ikkje lærte or bøker, og gav åt meg åleine. Eg elskar det som orda talar når dei teier. Eg elskar alt det du gjorde til vårt. Eg elskar heile deg, du mitt menneske. : : : : : : : : : : Men - jeg elsker henne fordi HUN elsker meg! Slik er også kjærlighet. HAS EN GOD DAG. ![]() |
![]() |