left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


torsdag, januar 22, 2009
 
GOD FREDAGS MORGEN !

I dag et dikt sendt inn av ABB, en trofast leser
i Tronheim. Tusen takk Anne-B.
(Andre kan sende inn dikt forslag til gaapaa@yahoo.com)

GLØYMSLA
Hans Hyldbakk

Vi lengtar og trår
mot ære og glans og mot solrike år,
men få er dei utvalde som høgdene når.
Og sjeldan det hender, trass laurbær og krans,
ein lever i minnet med æveleg glans.

Du kvinne og mor,
som døyver det såre med kjærlege ord
og vigslar din heim til eit tempel på jord;
når fekk du di løn for det gode du gav?
Når fekk du din bautastein sett på di grav?

Ein kross utav tre
der orda stod skrivne: "Kvil ut no i fred."
Og grava ho jamnast, og krossen fell ned.
Or jord er du koma, til jord skal du bli;
og æra ho øydest, og gløymsla blir di.

Men gjer du di plikt,
så livet for andre blir fagert og rikt,
då blir du med tanken på gløymsla forlikt.
La kransane visna! Lat gløymsla få gro!
Di løn har du hausta. – Så kvil deg i ro.
: : : : : : : : : : : : : : : : : : : : :

Ja dette er god livsvisdom.Den største gleden du
får er ved å hjelpe andre.

HA EN GOD DAG OG EN GOD HELG.




Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel