left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


lørdag, november 01, 2008
 
GOD MANDAGS MORGEN !

Allered November - årets værste måned -
med kulde og mørke.

Olav Aukrust beskrev det vel i dette diktet:

SEINHAUST


I vindblåsten blakrar
ein blågrøn åker
seinhaust-kvelden
på fjellsæter-kvéi.
Budeigja kvelver
ei kvitskura kolle
og skundar seg inn att -
skut-døri riktar.

Lydt er på vatnom,
lydt er på fjellom;
fullmånen ris
over rømdi og rår.
Båra klappar
båten ved tjønni
langt ut i aude,
einslege fjell.

Det bliktar og skin
upp i blåsvart himling,
stjernstinn og klinkande
klår er natti.
I håi og hela
går hingstar ved midnatt,
kjennspake hestar
står kyrre i tjor.

Bergospi blodraud
hev blødt av seg lauvet,
står att bladlaus
og bleik upp i bergom.
Røysbringen står att
rimkvit og naken,
sturen i hele
og steinbleik røys.

Gråe kveksreir
i gråstein-urdi
heng under hella si
heile året.
Einslege lauvsblad
er ute og vindblæs,
finn fulla innsmogu
inst i ei urd.

Eg høyrde eit ord
av einslege gamle:
Det fell burt einkvan
i lauvfalls-tidi ...
Lauvskogen ly'er
likbleik og bladi
sviv ned einslege,
eitt for eitt.

Når lauvet frå morki
kjem langt frampå marki
og åkrane ligg att,
øydde og snøydde,
ser eg eit einslegt
og aldrugt kvende, -
ei einsleg og aldrug
frå Israels tid ...

Haustvêret grin
grått upp i høom,
vindskyi sviv
svart over bygdi;
lauvet er raka,


og loi er innhavd, -
åkrane ligg att
med aks åt Rut ...
- - -

Vêrvåte, visne,
vindblakke bøar,
skumskòt i seinhaust
med skoddvåte skogar, -
radt til det frys på
og frostnæten' klåre
andar so kalde
at isbardi kjem.
- - -

Høgre og lægre,
langt ut i rømdi,
rautar ein einsleg
fjellfoss i audni.
Høyr kor han syng på
siste verset,
høyr kor han døyr áv.
dag og natt.

Endå ryt han,
rimut i skjegget,
med glasis og svellflogne
svadberg i bardom.
Berrtelen talar
til bergveggen tagall
um rimfrost og jammer
i jarnsvarte gìl.

Dettar-grovi
dett ned og slær seg,
det slatrar på slette
og sleipe svadbergom.
Spitra og Spildra,
sprengde av vêret,
ryk uppi høom,
reiser i vind.

Tundri tyt
gjenom Tundra-dalen,
det d`yn uti gìlom
i jøtulgrytom.
Frostrøyken stig upp
i stivtela steinfjell,
huff, det er hustre -
å huss, tuti!
- - -

Det ryt ikkje foss.
Det r`yn ikkje aur.
Det røyver seg endå
rennande vatn.
Det èg under isen,
det aular i uro
som innlæst ein einsleg
angest i sinn.

Åi den stride
og straumen er tagna,
stivfrosen teinung
står støkken og strak.
Blad ser eg faste
i blånande isen,
liv ser eg klumsa
og klaka i svell.

Rimkvit er myri,
rimkvit er marki,
rimkvit og klaka
er klopp over åi.
Rim er i høom,
hele i hamrom;
høgtid og nattgamall
nysnø i fjell.

: : : : : : : : : : :

HA EN GOD DAG !




Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel