![]() |
![]() Dagens DiktEt daglig dikt til glede.torsdag, august 28, 2008 GOD FREDAGS MORGEN ! Hvis noen av dere som leser Dagens Dikt får litt for mye innabords på lørdagskvelden så kanskje denne visen av Jakob Sande kan hjelpe litt på hodepinen? ETTER EIN RANGEL. I morgon vil eg byrje på eit nytt og betre liv, - trur eg. Eg skal aldri gå på fylla meir og skjære folk med kniv, - trur eg. Eg skal aldri skråle viser meir i ladevinsrus, men syngje åndelege songar på Zions bedehus, - trur eg. Alle kvinnfolk som eg møter skal eg sky som berre fan, - trur eg. Og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kapellan, - trur eg. Eg skal sitje som ein munk i ein misjonskonering og drikke kaffi medan drøsen går om åndelege ting, - trur eg. Det skal ingen meir få sjå meg når det lir på høgste natt, - trur eg. komme ruslande på heimveg utan stivety og hatt, - trur eg. Eg skal leggje meg når grisen går til kvile i sitt bol, og stå opp når hanen flaksar og gjel i morgonsol, - trur eg. Ja, i morgon skal eg byrje på den gode veg som sagt, - trur eg. Take striden opp med kjøte og den heile develsmakt, - trur eg. Men i dag lyt det få vere, for eg er så spøkje tyrst at eg mest må ha eit ølkrus til å leske meg på fyrst, - trur eg. : : : : : : : : : : : : : Jeg kan så godt se for meg denne karen. Det er "kopier" av ham i alle byer. Den som kommer først til minne hos meg er en gammel glassmester som er død for mange år siden. For en type han var!!! Ofte full, men sette inn vinduer - det kunne han!!! HA EN GOD DAG. Etiketter: ette ![]() |
![]() |