left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


tirsdag, januar 08, 2008
 
GOD TORSDAGS MORGEN !

I dag sender jeg kanskje det vakreste
kjærlighetsdiktet i Norsk diktning.
A.O. Vinje's: "Den dag kjem aldri."

Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søver, eg om deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når mørkt det er,
og best eg ser deg når mørkt det er.

Du leikar kringom meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg fylgjer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si
som skuggen gjen etter soli si.

Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
d'er du som kjem inn til meg, eg tykkjer;
eg sprett frå stolen og vil meg te
men snart eg sig atter ende ned
men snart eg sig atter ende ned.

Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d'er du som gjeng der og tuslar,
når sumt der borte eg ser seg snu
eg kvekk og trur det må vera du
eg kvekk og trur det må vera du.

I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d'er deg eg ser; deg i alt eg høyrer,
i song og fløyte og felelåt,
men endå best i min eigen gråt
men endå best i min eigen gråt.
: : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : :

HA EN GOD DAG !




Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel