left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


tirsdag, januar 29, 2008
 
GOD ONSDAGS MORGEN !

I dag et uvanlig dikt. Et takkedikt til
nynorsk mannen og dikterpresten Anders Hovden.

Til Anders Hovden!
Av Torvald Tu

Du er den friske storm frå hav,
som syng med kvite bylgjeslag
i blåe luft, i uvêrs-drag,
du er ein storm i dagsens krav!

Du er ein skyljesjø um strand,
ein storvask um vårt fedraland!
Du er den evig-unge leik
av rytmeklang i glade kor -

Ein son av Norigs beste jord,
med hjartebål i blenk og kveik!
Din sone-elsk er alltid varm
av hjartebålet i din barm.

Du er ein foss av dåd og dikt!
Du er eit fjell av traust og trygt,
og yrkjer trufast ykt i ykt,
for det du ser som rett og plikt!

Takk, Anders Hovden, norsk og rak,
for kjempesong og kjempetak!
: : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : :

HA EN GOD DAG !




Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel