left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


mandag, november 05, 2007
 
GOD TIRSDAGS MORGEN.

Det er enkelte diktere jeg alltid kommer tilbake til.
Tor Johnsson er en av dem.
Her er hans dikt

KJÆRLEIKSBREV.

Takk for dei gode tankar
du sende meg no i kveld.
Var ikkje du,
ville eg søkke attende
inn i meg sjøl.
Var ikkje du, da fekk eg aldri sleppe inn
--- inn i vår uroverd ---
dette som bed og bankar utanfor alt,
kjærleiken.

Aldri skal eg få vera eit tre,
liksom du,
berre ein stuv etter stormbroten bjørk.
Men linnea og blåbjøller veks ikring meg
for det eg elskar dei,
for det eg gjev dei næring av all mi sorg.
Bøygd deg over meg,
sjå alt det vene som veks av mi sorg,
for det eg aldri fekk vera eit tre
liksom du.

Stundom ser eg deg frå andre stader
enn der eg er i kveld.
Din barm og di mjuke line,
det dulde draget av mor,
håret og himlen i augo dine - - -
dette som skal bli jord.
Men dette er ikkje du.
Du er nærare.
Du er den løynde røyndom i meg,
dette som vera ikkje vil kjennast ved,
dette som bed meg å bera min kross,'
som bed meg å tole alt,
tilgje alt,
som bed meg å vera der du er,
om nattmørke miler ligg tungt imellom oss.

Helt frå det første møtet,
auga mot auga,
var det noko utanfrå som tala
om vegane vi skulle gå
dit vi kan fullføre vår del av skaparverket.
No er vi skilde.
Men når tusental år
har gløymt våre einslege far,
lever ordet, det einaste evige:
Kjære - - -
: : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : :

Dagens dikt er tilegnet Ma.
Håper du har det bra.

HA EN GOD DAG!




Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel