left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


søndag, september 09, 2007
 
GOD MANDAGS MORGEN !

Igjen en "nasjonalsang." Jeg har ikke mange igjen
i diktsamlingene mine, men her er i hvert fall et til.
Gud Signe Norigs Land av Arne Garborg.

Gud signe Norigs land,
kvar heim, kvar dal og strand,
kvar lund og lid!
Han lat det aldri døy,
han verje bygd og øy,
han verje mann og møy
til ævleg tid.

Me fekk det høgt og fritt,
me fekk det vent og vidt
med hav og fjell.
Det stend so trygt og godt,
det stend så reint og blått,
rett som ei gudeslott
med solskins tjeld.

Det er vår elsk på jord,
det er vårt beste ord,
vår trivd og trygd.
Storfrægdarmenn dei var
som fram til oss det bar;
det er vår ættargard
til fridom bygd.

Stort arbeid ned er lagt
til landsens fred og makt
frå tid til tid.
Det kosta tusund år
i kav frå vår til vår,
i strid so tung og sår,
fyrr me vart fri.

Her ligg dei, grav i grav,
frå hei og ned i hav
som stridde so.
Gud sign' kvar ærleig svein
som sev der under stein,
Gud sign' dei kvar og ein,
der dei er no.

Men landet dei hev rudt
det vil me verja trutt
til siste stund.
Vår elsk og beste akt,
vårt liv og all vår makt
skal vera Norigs vakt
til siste stund.

I kjærleik varm og mild
me legg vår vilje til,
då veks det fram.
Då fær det bløma blidt,
då fær det spyrjast vidt
og alltid standa fritt
for naud og skam.

Her stig det stor og blått
vårt fagre heimlands slott
med tind og tårn.
Og som det ervdest ned
alt fagrar led for led,
det byggjast skal i fred
: : : : : : : : : : : : : : : : : : : :

HA EN GOD DAG OG EN GOD UKE !
åt våre born.




Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel