
Dagens Dikt
Et daglig dikt til glede.
onsdag, august 22, 2007
GOD TORSDAGS MORGEN !
Elias Blix (24. februar 1836–17. januar 1902) var ein norsk forfattar, professor, lærar, målmann og politikar. Han vart fødd på Våg i Gildeskål i Salten i Nordland fylke og døydde i Kristiania (Oslo) i 1902. Han vart gravlagd på Vår Frelsers kyrkjegard. Professor i teologi 1878.Statsråd i Kyrkjedepartementet frå 26. juni 1884 til 23. februar 1888.
Elias Blix skrev noen nydelige dikt. Ett av dem er "Å eg veit meg et land, langt der uppe mot nord." Men i dag sender jeg hans FEDRELANDSALME. Gud signe vaart dyre fedreland og lat det som hagen bløma. Lat lysa din fred fraa fjell til strand og vetter for vaarsol røma. Lat folket som brøder saman bu som kristne det kan seg søma.
Vaart heimland i myrker lenge laag, og vankunna ljoset gøymde. Men Gud, du i naade til oss saag; din kjærleik oss ikkje gløymde: Du sendte ditt ord til Norigs fjell, og ljos yver landet strøymde. Og Norig det ligg vel langt i nord, og vetteren varer lenge; men ljoset og livet i ditt ord; det ingen kan setja stenge. Um fjellet er høgt og dalen trong, ditt ord heve daa sitt gjenge.
So blømde vaart land i ljos og fred, det grodde so grønt i lider. Men atter seig natt paa landet ned med trældom og tunge tider. Og folket det sukka etter ljos, og du lyste upp omsider. Og morgonen rann, og myrkret kvarv, som lenge vaar lukka skygde. Du atter oss gav vaar fridoms arv og honom i trengsla trygde. Du verna vaart folk og gav oss fred, og landet med lov me bygde.
Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me faafengt paa huset byggja. Vil Gud ikkje verja bygd og land, kan vaktmann oss ikkje tryggja. So vakta oss Gud, so me kan bu i heimen med fred og hyggja. No er det i Norig atter dag med vaarsol og song i skogen. Um sædet enn gror paa ymist lag, det brydder daa etter plogen. So signe daa Gud den gode saad; til groren eingong er mogen. : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : HA EN GOD DAG !
Home
|
Archives
|