left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


torsdag, august 23, 2007
 
GOD FREDAGS MORGEN !

En god gammel venn og daglig leser av Dagens Dikt, skrev:
"gode gamle norske dikt er koselige og fine, fortsett med det. "
Det skal jeg gjøre.

Han sendte meg også dette diktet som han fandt i Sven Morgen's
"Songbok for skular og ungdomslag." 1946 utgaven.

Diktet er skrevet av Anders Hovden.

Heim att til Noreg, mitt fedreland,
Allstøtt eg lengtar og stundar;
Dagleg ho sviv over havet,
Heim att til lier og lundar;
Draumane ber meg til heimlege strand
Når eg blundar.

Fjell som blånar mot ljosens kvelv,
Aldri i minnet mitt blaknar;
Bårande fjorden, som gidrar og skjelv,
Fær eg kje sjå når eg vaknar;
Brusande fossen og susande elv
Sårt eg saknar.

Aldri, nei aldri mitt hjarta slær rot
Her i den framande grunnen;
Mannen er vyrdlaus, og grendi er ljot,
Hugnaden aldri vert funnen;
Ille så høver det framande knot
Meg i munnen.

Sat eg der heime ei kveldstund god,
Prata med vener kring åren,
Lydde på målet med hug-gande ljod,
Ljosna mi bringe som våren;
Då fekk eg kveiken i hug og i mod
Imot fåren.

Nei, eg må heim til den gamle gard,
Sleppa frå huglause kavet,
Reika på fjell over bredar og skard
Høgt over tjonet og travet,
Stranda på tinden når vårsoli glar
Ned i havet.
: : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : :

Der jeg sitter forstår jeg veldig godt det
som dikteren skriver om.
Slik vil det alltid være for oss i ute-Norge.

HA EN GOD WEEKEND !

Fant dette diktet i Sven Morens songbok for skular og ungdomslag
utgitt i 1946.




Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel