![]() |
![]() Dagens DiktEt daglig dikt til glede.søndag, juli 30, 2006 GOD MANDAGS MORGEN ! Jeg er i godt humør i dag og sender derfor en vise av Jakob Sande. HESTEHANDLARAR. Ein sognemann og ein forherda halling kom eingong opp i handel om ein hest. Fyrst gjekk det dram i dram med song og tralling, for båe tenkte: eg skal tole mest. Men før dei vardest vart det skjell og skalling, og tollekniven vart mot hælen kvest, til brått dei sturta med ei kaldsleg ralling før dei fekk bod på sakrament og prest.- Omsider kom då lensmannen og presten--- men sjølve opphavet til synda, hesten, kom ingen av dei høge herrar på. Han sto der from i skuggen utfor stova og veifta fly og fluger vekk med rova, og leska seg med frisk og saftig hå. Og med det: HA EN GOD DAG ! (Les boken min: Kongeveien over Fillefjell, og du vil finne mer om konfliktene mellom Sogninger og Hallinger og Valdriser.) ![]() |
![]() |