![]() |
![]() Dagens DiktEt daglig dikt til glede.lørdag, november 15, 2003 GOD MANDAG MORGEN ! I mostsetning til den resignerte livsoppfatningen i Dorothy Parker's diktØ Veteranen, på lørdag sender jeg i dag dette positive og livsbejaende diktet av Aasmund Olavsson Vinje. FADEREN TIL DEN HEIMANFARANDE SONEN. So må du då, min beste gut, frå oss i verdi draga ut! Å ja, når fuglen fjør fær på, han prløva må med eigne venger sjølv å slå. For trongt du veit her heime er, so rom for deg du ikkje fær. Um eg var rik, du skulde ut forutan sut og livet sjå, min snille gut. Den mann som alltid heime låg og ikkje livsens lagnad såg. han aldri såg det beste, han, men vart ein mann som dømde ilt um folk og land. Den beste venen tidt eg vann blant folk eg langt frå heimen fann. Han stemnde sud, eg stemnde nord på livsens fjord: og varmt me helsa utum bord. Me lykkja søkte båe tvo og med kverandre gret og lo. For same strid me kjende då i barmen slå det same hjarta til og frå. So vondt er ikkje livsens spil, som mange folk det gjera vil. Kver strevar, stakkar, det han kan, og syndar han, i villa gjeng den arme mann. Ja, livet er av Herren gjort: det elskar godt og ærar stort. Kvarhelst det fann den store mann, dess hjarta brann. Han sonen vart i huset han. For folket alltid liksom fann sitt eige liv i slik ein mann. Som sol i brenneglaset skein, han samlar rein den eld som brenn i kver og ein. Vel stundom fyrst han måtte døy frå ven og kjenning, ætt og møy. Men når han var til jordi fest, då steig han mest. Og mannsens minne det er best. Gråt derfor ikkje, kjære mor! Du guten ser er sterk og stor. Og derfor fram han koma vil, når han er gild, for livet høyrer slike til. Og vert det berre tufs og tull, so er det gutens eigi skuld. Og ikkje vilde eg og du det soleis snu at dårleg mann vann folkets tru. For rett du veit skal vera rett, um svipa åt oss sjølv vert flett. Foreldres skuld – den ting er sann – det vera kan um sonen vert ein vesalmann. Lat guten draga no sin veg! Han lenge no er kyst av deg. Av andre no han kyss skal få, og fulla må me gamle dette glade sjå. Du burde vera stolt, mi mor, for slik ein gut frå huset for. Frå guten min og guten din kjem gjetord inn i hytta vår som sumarvind. Me gode tankar guten gav, på livsens veg den beste stav. So mang ein son fekk grunn og gard av mor og far, men vit og helsa betre var. Vel, um me åtte mang ein gut som denne her å senda ut! For kver sin plass seg finna vil, når han er gild, då livet slike trenger til. Sjølv vesle gut med rette to kjem fram. Når han er attåt god. Det er vel vondt, men lite då det stender på for livet elskar fuglar små. I livet gut! du gjera må det far din ikkje kunde nå: For du er ung og meire kan. Din fader, han med sine tankar inne brann. So lever enno lenge eg, for då er tanken min i deg. Her er so mykje godt og stort som vel og fort, før kvelden kjem, må verta gjort. For livet ligger som i band og ventar på sin løysningsmann. Men aldri, son min, må du tru at eine du kan verdi um frå vranga snu. Kom Gud i hug! Døm syndi mildt! og tal um nesten sjeldan ilt! På mindre mann hogg aldri hæl; bruk tidid vel! og du vil døy og leva sæl. Farvel min son! og vel du liv! Og heim til oss imillom skriv! Og kanskje so det lagast må ei gong endå at me kverandre atter sjå. Men um det ikkje lagast so, for det me ikkje gråta no; men takka for kvert andardrag me var i lag, og venta glad ein annan dag. Den Gud som hjelpte oss her til, han og framleides hjelpa vil; men um han handi av oss slær på framtidsferd, vår eigi skuld då visst det er. For sorg og skilnad ingen sterk kan gråta: slik er veikes verk. Men alltid hjå den sterke mann just der eg fann, at tårer for det fagre rann. HA EN GOD DAG ! ![]() |
![]() |