left lapel  
bow tie


Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


mandag, mars 10, 2003
 
God TIRSDAG morgen!

Jeg fortsetter med Ivar Aasen. Jeg liker mange
av diktene hans. Og når jeg leser dette diktet om
"Gamle Grendi" så minner det meg litt om Gjøvik
da jeg var ung. Jeg kjendte alle, og alle kjendte meg.
En hadde følelsen av å høre hjemme - og høre til.
Idag kjenner jeg få mennekser når jeg går i byen
og det samme hører jeg fra folk som har bodd der hele sitt liv.
Alt endrer seg - men jeg er ikke sikker på om til det beste.

GAMLE GRENDI

Titt eg minnest ein gamall gard
med store tre og runnar,
vollar, bakkar og berg og skard
og blomster paa grøne grunnar.
Der eg hadde meg so godt eit rom;
hus og mark med baade bær og blom,
alt eg nøytte som ein eigedom
med baade lut og lunnar.

Der var dalar og lider nog,
der lur og bjøllor klungo;
der var ruster og fager skog,
der tusund fuglar sungo.
Tett med stova stod ei bjørk so breid;
der hadde skjorerne sitt gamle reid,
staren song i kvar ein topp, som heid,
og erlor i tunet sprungo.

Heime var eg so vide kjend
og slapp inn, kor eg vilde,
i kvart hus i den heile grend,
um endaa folket kvilde.
Der var kjenningar i kvar ei kraa,
og naar eg ukjende folk fekk sjaa,
spurde eg radt, kor dei var ifraa,
og dei var like milde.

Var det nokon, som der leid vont
og vart fyre tap og spille,
braatt det spurdest um bygdi rundt,
og alle tykte, det var ille.
Ofte minnest eg mi gamle grend,
naar eg framand uti verdi stend,
heimlaus, frendelaus og litet kjendt,
og likar paa leiken ille.

Ha en GOD DAG !




Home | Archives

Powered By Blogger TM
  right lapel